Lørdag 23 August
Vanylvssmia
Lær deg matsoppane. Grunnkurs i sopp (Vanylven)
Grunnkurset i sopp er for deg som er nybegynnar eller kan nokre få soppartar frå før.

Trykk her for info og påmeling

 

Sunnmøre sopp- og nyttevekstforening er arrangør. 

Lær deg matsoppane og dei farlegaste giftsoppane på kurs.

Du får

  • tilgang nettkurs med teori, quiz og videoar
  • soppkurs ute i naturen med praktiske tips, læring

Vi har planlagt med samlingar

  • 23. august. Vi møtest først på Eidså frivilligsentral.
  • 20. september

Prisen er 750 kr (350 kr for medlemer: meld deg inn her). Hugs å logge den inn nederst på siden for å få medlemspris.

Grunnkurset i sopp er for deg som er nybegynnar eller kan nokre få soppartar frå før. Det er mykje sopp i skog, mark og fjell på Sunnmøre, og i dette kurset lærer du å skille gode matsoppar frå dei giftige soppene, og å bruke sopp i matlaging.

Kurset består av korte innføringar i teori, praktiske øvingar der de får sjå, ta på og diskutere sopp, og felles tur i skogen.

På dette kurset lærer du
1. Dei vanlegaste og trygge matsoppane, som kantarell, steinsopp, piggsopp, skrubbar, kremler og risker
2. Dei farlegaste giftsoppane
3. Sanking, oppbevaring og matlaging med sopp.

Førebuing til soppkurset

Ta med

Soppkorg eller bærenett/handlenett. Soppen må ha det luftig. Derfor plukkar vi ikkje sopp i plastposer, men i nett eller korger.
Liten kniv og mjuk tannbørste (eller soppkniv med børste)
Papirposer eller boksar til å sortere soppen fra hverandre (dei må ha plass oppi nettet/ korga)
Noko å skrive med og på
Klede til å vere ute med uavhengig av vêr
Mat og drikke
Soppbok, om du har.
Sopp du finn i hagen, skogen og andre stader før eller mellom kurstimene.

Kurset er etter studieplanen 346 Sopp: Lær deg matsoppene. Grunnkurs i soppkunnskap i Studieforbundet natur og miljø.

2025 © Vanylven Frivilligsentral