Vanylven fekk 150 000kr frå Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre

Midlane skal nyttast til å skape eit variert aktivitetstilbod for born og unge
Vi er veldig glade for støtta vi fekk frå Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre som møtte frivillegsentralane på deira nettverksmøte : 
"Frivilligsentralane i 7 stjerna hadde møte i Ørsta 13 mai. 
Dette er flinke og engasjerte personar som bidreg til å gjere det betre å bu på Søre Sunnmøre.
Det var med glede at vi i Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre kunne informere om at vi hadde innvilga kr 645.000 til Frivilligsentralane på Søre Sunnmøre."

 Vanylven fekk innvilga søknaden på 150 000 kr som skal nyttast til å skape variert fritidstilbod for barn og unge. 
Vi har søkt saman med Ungdomskontakt Vanylven Kommune og er i full sving med å planlegge prosjektet.


Fram til 1.juni ynskjer vi innspel på kva type aktivitet ein ynskjer å prioritere. Midlane er øyremerka fritid og skulefrie perioder, alder 12-20år. 
Send innspel på mail til randi.irene.helgoy@vanylven.kommune.no, eller ta kontakt med ungdomskontakt Kine Mulen. Dette vert også tema/idemyldring for dei som kjem på fritidsklubben. 


2025 © Vanylven Frivilligsentral