-
No kan du søkje om spelemidlar
Spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet. Dette gjeld alle lag og organisasjonar som ønsker å søke om tilskot.
No kan frivillige organisasjonar søke momskompensasjon
Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele 2,65 milliardar kroner i momskompensasjon til frivillige organisasjonar i 2025.Formålet med ordninga er å fremje frivillig aktivitet. Dette blir gjort ved å godtgjere for kostnadar som frivillige organisasjonar har hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester.
Organisasjonen må vere registrert i Frivilligregisteret, og frivillig innsats må vere ein viktig del av verksemda for å søke.
Det kan søkast etter to modellar. Minstegrensa for å søke etter forenkla modell er 100 000 kroner i søknadsgrunnlag, og etter dokumentert modell er det 7 000 kroner i faktiske meirverdiavgiftskostnader. Grensene gjeld ikkje for organisasjonar som skal søke gjennom sentralledd.
Merk: Organisasjonar som er knytt til eit sentralledd (for eksempel Norges idrettsforbund, Norske Kvinners Sanitetsforening eller liknande) skal sende søknaden via dei. Sentralledda har eigne søknadsfristar som er tidlegare enn Lotteri- og stiftelsestilsynet sin frist.
Les meir om ordninga på Lotteri- og stiftelsestilsynet sin nettstad.
Del på:
-
Sprek 91åring på datatreff
Asbjørn Aasemyr frå Rovde finn fortsatt motivasjon for å lære meir om data
-
Årsrapport Vanylven Frivilligsentral
Informasjon frå årsmøtet
-
Valfaget Innsats for andre
Les meir om korleis dette vert organisert.
-
Barseltreff
Velkommen til barseltreff ved Vanylvssmia, onsdager i oddetalsveker