-
Språkkafe, tur
Årsrapport Vanylven Frivilligsentral
Informasjon frå årsmøtetHer finn du årsrapporten:
Har du spørsmål eller innspel? Ta gjerne kontakt!
Etter årsmøtet har vi dette styret i Vanylven Frivilligsentral:
Ottar Jan Løvoll, leiar i styret. Representant råd for personar med nedsett funksjonsevne
Johan Aasen, nestleiar i styret. Representant for frivillige lag og organisasjonar
Magne Berge, representant for eldrerådet
Jens Erling Lillebø, representant for Vanylven kommune
Lars Jonasmo, representant for Vanylven kommune
Petter Sætrevik, representant for ungdomsrådet
Emilian Askvik, representant for ungdomsrådet
Randi Irene Helgøy, representant for Vanylven kommune og dagleg leiar Vanylven Frivilligsentral.
Vi takka av Solveig Andersen, representant for frivillige lag og organisasjonar, Røde Kors.
Solveig har vore nestleiar i styret, og vore med sidan oppstarten av Vanylven Frivilligsentral.
Ei svært engasjert dame, med solid kunnskap og erfaring rundt viktige saker for sentralen.
Tusen takk for innsatsen Solveig!
Johan Aasen vart valt inn som nestleiar og ny representant i styret for frivillige lag og organisasjonar.
Johan har eit allsidig engasjement innan frivillig arbeid, vi ser fram til å få han med på laget framover!
Vi vil rette ein stor takk til alle som er med og engasjerer seg i Vanylven Frivilligsentral.
Takk til alle som kjem med innspel, invitasjon til samarbeid, og på ulike måtar er med på å heie fram frivillighet i Vanylven kommune.
Det er mange frivillige i sving rundt om i heile Vanylven, ein ekstra stor takk til lag og foreningar som skaper stor variasjon av ulike tilbod.
Saman skaper vi gode og inkluderande lokalsamfunn!
Del på:
-
Valfaget Innsats for andre
Les meir om korleis dette vert organisert.
-
Barseltreff
Velkommen til barseltreff ved Vanylvssmia, onsdager i oddetalsveker
-
Vanylven fekk tilsaman 60 000kr frå stifondet
Fordelt på 4 ulike prosjekt. Vi seier tusen takk til alle som har vore med i prosessen.