Sprek 91åring på datatreff

Asbjørn Aasemyr frå Rovde finn fortsatt motivasjon for å lære meir om data

Allerede på fyrste treff viste Asbjørn oss at han frå før hadde mykje datakunnskap inne. "Eg har holdt på mykje for meg sjølv, så det er kjekt å kunne møtes for å lære litt saman". 

Asjørn fortel også at det ofte kan dukke opp fleire idear når ein kjem heim, og at det difor kan vere greit å notere ned, slik at ein hugsar det til neste treff. 

"I vår tid er ein nødt til å ha litt kunnskap om data for å greie seg i samfunnet", avsluttar Asbjørn. 

Og vi håpar at Asbjørn vil kome tilbake neste gang. Det er inspirerande å høyre om både motivasjonen og kunnskapen som fortsatt er på plass. 

2026 © Vanylven Frivilligsentral